Tur til Bruviknipa 

  

Tekst og bilder: Steinar Reigstad         Klikk på bildet for større versjon.

 

Som siste opplading før me skal gje oss i kast med Besseggen valgte me  ta ein dagstur i Osterøyfjella. Turen frå Njåstad til Bruviknipa har me hatt nokre gonger på ski, så den turen ville me prøva til fots óg.

Me parkerte på Njåstad ein lørdag formiddag i strålande sol og ca. 13 grader, ideelle forhold. Me traska opp Londalen og forsette forbi Låstadsetra der me vart innhylla i røyk frå nokre hyttefolk. Men dei treng vel å rydda litt av og til dei óg. Me lurte litt på kva hytta Edvin hadde, og det har eg fått forklart i ettertid. Me forsatte innover og kom over til Borgasetra og fekk der ei fantastisk utsikt innover østre delen av Osterøy med Bruvikdalen og Rispingen, og vidare mot Høgafjellet. Tidlegere på sumaren hadde me forresten ein fin tur på Rispingen. Etter ein liten rast på Borgasetra tok me fatt på siste delen av turen, opp til ”nipå”.

Bruviknipa-0011.jpg (168750 byte)

Ei utruleg oppleving å sitja der oppe og sjå det vide synet rundt seg.Sjå ned på folka i Bruvikbygda,(eg gjer ikkje det til vanleg, dei er staute folk dei som eg kjenner frå Bruvik), sjå over fjorden til Vaksdal og alle dei flotte fjelltoppane rundt ein. Må opplevast for å skjøna det! Men klokka går fort slike gonger, so me måtte nok tenkja på turen heimover att. Tilbake til Borgasetra gjekk me samme vegen som opp til ”nipå”. So dreia me litt mot høgre og forsatte mot Geitnipå og tilbake til Njåstad. Ein kjempefin dag og ein kjempefin tur. Me brukte ca.6 timar på rundturen med pauser.

Men kvar er alle fjellfolka hen? Me var nesten åleina, møtte 4-5 hyttefolk på ”nipå”, og ein einsleg mann med hunder på returen.

Ostringer og andre: ”kom dekå ut på tur!!”

PS. Turen over Besseggen var ein veldig fin tur, men naturopplevinga vert minst like stor i Osterøyfjella !

Bruviknipa-0035.jpg (151897 byte)

Bruviknipa-0016.jpg (128925 byte)

Bruviknipa-0054.jpg (156061 byte)

Bruviknipa-0021.jpg (208464 byte)

Bruviknipa-0055.jpg (166460 byte)

Bruviknipa-0032.jpg (147867 byte)

Bruviknipa-0062.jpg (122132 byte)